Annonse:
Annonse:
Annonse:
Annonse:
Annonse:
Skipsmagasinet.no, 11.årgang.  22.09.2017: Forsiden

X-BOW® NUMMER 100!

Med den siste kontrakten for to offshorevindskip for Bernhard Schulte/WINDEA nådde ULSTEIN 100 selde X-BOW-design. Milepælen er nådd 10 år etter at X-BOW-designet vart lansert i 2005.

Av: Redaksjonen Publisert: 30.01.15 kl. 12:06
<- Tilbake til: Forsiden

Etter at det andre og tredje skipsdesignet med X-BOW var selt til til Bourbon Offshore Norway, fekk konsernsjef Gunvor Ulstein spørsmål frå media om skrogforma no var ein suksess. - Kom tilbake når vi har 100 selde design!, var Gunvor sitt svar.

– Vi ser no at X-BOW®  har blitt ein stor suksess i ULSTEIN si nyare historie. Då vi selde ut UT-designa våre til Rolls-Royce i 1999, tok vi til å byggje opp ein ny designportefølje og kom raskt opp med konseptet for den nye skrogforma, seier visekonsernsjef Tore Ulstein. Han er også leiar og pådrivar for området marknad og innovasjon i Ulstein.

- Tanktestar viste at dette var noko å satse på, fortel han, og held fram: - Eigenskapane til dei første skipa med denne skrogforma prova at skipa i møtande sjø kunne halde høgare fart, eller halde farta med lågare drivstofforbruk. Samstundes unngjekk ein å få slag mot baugen frå sjøen, noko som aukar komforten til mannskapet om bord. Sjøen slår heller ikkje inn over fronten av skipet, og det vert ikkje isdanning i kalde farvatn, noko som er viktig for tryggleiken, seier han, og legg til:

- Vi ynskjer å takke alle som har bidrege i løpet av desse åra, og som har vore med på å utvikle ein brei og solid portefølje av skip med X-BOW.

Kompetanse ved eige verft

Skipa for Bernhard Schulte/WINDEA skal byggjast ved Ulstein Verft. 

- ULSTEIN har nær 100 års erfaring i å bygge skip. Ulstein Verft er kjende for å bygge avanserte spesialfartøy og prototypar. Med eit verft innan konsernet kan vi tilby utprøvde designvariantar, system og løysingar, noko som reduserer prosjektrisiko og er viktig for å vinne kontraktar internasjonalt. Dette er tilfelle også med X-BOW-designa våre, der 29 av 100 skip er bygde på eige verft, seier Ulstein.

Første med X-STERN™

Den nye kontrakten med Bernhard Schulte/WINDEA markerer også hekkforma X-STERN sin entré i marknaden. 

- ULSTEIN investerer årleg over 100 millionar kroner i innovasjon og nyskaping. For å kunne halde fram med dette, er det viktig å lukkast med å skape verdiar både nasjonalt og internasjonalt, og at vi leverer nye og forbetra løysingar for berekraftige marine operasjonar. X-STERN er eit godt døme på dette, og det er sjølvsagt stas at 

X-BOW nr 100 også vert den første med nyvinninga X-STERN, understrekar Tore Ulstein.

X-BOW og X-STERN fører til redusert stamping og bølgjedriftskrefter, og eliminerer slag frå sjøen, i tillegg til redusert kraft- og drivstofforbruk både når skipet ligg på posisjon og når det går i transitt.

Totalt er det selt 125 skip av ULSTEIN-design, som er namna på ULSTEIN sine design etter 1999.



comments powered by Disqus
 
Real Time Analytics