Annonse:
Annonse:
Annonse:
Annonse:
Annonse:
Skipsmagasinet.no, 11.årgang.  07.07.2020: Forsiden

ULSTEIN X-STERN™ - For tøffe forhold

Ulstein Group introduserer X-STERN™, ei ny utforming av skipa sin akterende. Løysinga aukar operabiliteten gjennom positiv innverknad på dynamisk posisjonering, bølgjerespons, komfort og sikkerheit under tøffe forhold.

Av: Hurtigrutene.info Publisert: 04.09.14 kl. 18:32
<- Tilbake til: Forsiden

Eit fartøy med X-STERN™ kan halde posisjonen med akterenden mot bølgjer, vind og straum sjølv under tøffe vêrforhold. For fartøy der best moglege rørsleeigenskapar er avgjerande, vil moglegheita til å plassere X-STERN™ i staden for baugen mot vêret vere kapteinen sitt naturlege val.

X-STERN™ fører til redusert stamping og bølgjedriftskrefter, og eliminerer slag frå sjøen. Andre positive verknader er redusert kraft- og drivstofforbruk medan skipet ligg på posisjon, eller moglegheita for å operere i ein breiare sektor med same kraftforbruk.

X-STERN™ har fleire av dei same eigenskapane som X-BOW®, og har i tillegg isbrytande eigenskapar. Utforminga reduserer akselerasjon, hiv og stamping, gir betre komfort og sikkerheit, og aukar det operasjonelle vindauget. Som følgje av hekkforma og det innelukka akterdekket vert det ikkje kasta sjø inn på dekk, og ein reduserer isdanning i kaldt klima.

Patentsøknad under behandling
- Ein innovasjonsprosess er ein lang prosess, der vi arbeider strategisk med å kome fram til sikrare, smartare og grønare løysingar, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef og sjef for marknad og innovasjon i Ulstein.

- Vi diskuterer operasjonelle utfordringar med kundane våre, og arbeider for å overføre desse utfordringane til tekniske løysingar som kan verte salbare produkt. Vi har søkt om patent på
X-STERN™ i fleire land, inkludert USA og EU.

X-STERN™ - Ei oppfølging av X-BOW®-designet
I 2005 lanserte Ulstein Group X-BOW® til marknaden, eit designelement som aukar komforten om bord og gir moglegheita anten til å halde oppe farta i dårleg vêr eller redusert drivstofforbruk. I dag er nærare 100 X-BOW®-fartøy bygde eller har vorte leverte over heile verda. X-STERN™ tek eit nytt steg i å auke fartøyet sin operabilitet endå meir.



comments powered by Disqus
 
Real Time Analytics