Annonse:
Annonse:
Annonse:
Annonse:
Annonse:
Skipsmagasinet.no, 11.årgang.  22.07.2017: Forsiden

Storkontrakt med Maersk

Kleven har inngått kontrakt med Maersk Supply Service om bygging av seks ankerhandteringsfartøy. Kontrakten inneheld også opsjonar på ytterlegare fire fartøy.

Av: Redaksjonen Publisert: 16.10.14 kl. 11:11
<- Tilbake til: Forsiden

Dei 95 meter lange fartøya er av SALT 200 AHTS-design frå Salt Ship Design, og skal byggast både ved Kleven Verft og Myklebust Verft. 

- Eg er stolt og glad over at Maersk, som er eit av verdas største reiarlag, valde Noreg og Kleven når dei skulle fornye ankerhandteringsflåten sin. Det viser klart og tydeleg at vi er konkurransedyktige internasjonalt når det gjeld pris, leveringstid og ikkje minst kvalitet, og er ei stor anerkjenning av våre tilsette på verfta og det arbeidet dei legg ned kvar dag, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. 

- Dette er ein svært viktig kontrakt for oss, vunne i det som for tida er ein ekstremt krevande marknad. Om alle opsjonane vert innfridd, vil denne kontrakten gje arbeid for verfta våre heilt fram til 2018, og det er fantastisk å ha ein så lang horisont for våre tilsette, seier Rasmussen. 

Dei første seks fartøya skal leverast frå siste kvartal 2016 til tredje kvartal 2017.

Mange norske utstyrsleverandørar er også inkludert i prosjektet, nokon som gjev store og positive lokale ringverknader.



comments powered by Disqus
 
Real Time Analytics