Annonse:
Annonse:
Annonse:
Annonse:
Annonse:
Skipsmagasinet.no, 11.årgang.  22.07.2017: Forsiden

Fullførte leveringa av 12 PSV-skip av ULSTEIN-design

Det kinesiske verftet Zhejiang leverte 23. oktober i år ‘Sea Swift’, det endelege skipet i rekkja av tolv plattformforsyningsskip, til reiarlaget Deep Sea Supply PLC. Skipa er av det store PX105-designet frå ULSTEIN, som i tillegg til design har levert ei omfattande system- og utstyrspakke og byggeoppfølging på verftet. Reiarlaget markerte overtakinga av skipa på ein samankomst i Singapore onsdag denne veka.

Av: Redaksjonen Publisert: 05.11.14 kl. 21:43
<- Tilbake til: Forsiden

Kontrakten på desse skipa utgjer ein samla kontraktsverdi for ULSTEIN på i overkant av 500 millionar kroner. Om lag 70% av dette er verdiskaping for den norske maritime klynga.

Zhejiang-verftet, ein del av Sinopacific-gruppa, har levert alle Deep Sea Supply-fartøya i løpet av 2013 og 2014. Dei tolv fartøya er designa for operasjonar over heile verda, og fleire av dei arbeider i dei barske forholda i Nordsjøen. – Vi er svært nøgde med skipa, og det er kundane våre også, seier Finn Amund Norbye, som er konsernsjef i Deep Sea Supply. – ULSTEIN deltok i bygginga av skipa og var mellom anna ansvarlege for dei elektriske installasjonane. Kommunikasjonen og kvaliteten på arbeidet har vore godt i prosjektet. Vi har overtatt tolv store, førsteklasses plattform forsyningsfartøy i løpet av om lag 18 månader, og det er svært tilfredsstillande.

- Zhejiang-verftet har mykje erfaring i å byggje fartøy som vi har designa, seier prosjektsjef Johannes Røren i Ulstein Design & Solutions. – Gjennom heile byggeperioden til skipa har vi hatt eit eige oppfølgingsteam på verftet, og det har vore jamn framdrift og god dialog mellom partane gjennom heile perioden.

Deep Sea Supply-skipa er 88,9 meter lange og 19 meter breie. Skipa har dieselelektrisk framdrift og kan halde ei fart på 15,5 knop. Lastedekksarealet er i overkant av 1000 kvadratmeter og fartøya har ei dødvekt på 4700 tonn. Skipa har den bakoverlente patenterte skroglinjeforma X-BOW®, som eliminerer slag frå møtande sjø, aukar komfort og sikkerheit og reduserer drivstofforbruket. Fartøya er designa slik at dei stettar krava i anten ‘Clean’- eller ‘Clean Design’-standarden.

ULSTEIN sine utstyrsleveransar inkluderer dieselelektrisk framdrift og motorar, medan ??systemleveransane femner om kraftdistribusjon og framdrift, automasjonssystem, internkommunikasjon og underhaldning, navigasjon og radio. Fartøya er av dei første der ULSTEIN har levert tavler bygde ved sitt eige selskap i Ningbo.

Etter leveringa av ‘Sea Swift’ har Deep Sea Supply 40 skip i flåten: 15 ankerhandteringsskip og 25 plattformforsyningsskip.

Oversikt over dei tolv skipa:

    Levering 2013
    Levering 2014
    ZJ2013 Sea Falcon
    ZJ2020 Sea Spear
    ZJ2014 Sea Flyer
    ZJ2021 Sea Spider
    ZJ2015 Sea Forth
    ZJ2022 Sea Springer
    ZJ2019 Sea Spark
    ZJ2023 Sea Supra
    ZJ2016 Sea Frost
    ZJ2024 Sea Surfer
    ZJ2025 Sea Swan
    ZJ2026 Sea Swift



comments powered by Disqus
 
Real Time Analytics